Internatet ligg på skulen sin eigedom og med 75 internatrom fordelt på to internatblokker.
Du kan ikkje ha internatet på Gjermundnes vgs. som fast bustadadresse. Internatet er stengt alle helger, hellig- og fridagar og i alle feriar.
Internatplass er ikkje eit lovpålagt tilbod, det betyr at dersom du ikkje fått internatrom, må du ordne deg med anna bustad.
Når får du svar på internatsøknaden din?
Dersom du har fått skuleplass på 1. inntaket og søker internatplass innan veke 27, vil du få svar i løpet av veke 28.
Andre søkjarar sender inn søknad om internatplass så snart dei har fått tildelt skuleplass. Då vil du få svar seinast i løpet av veke 32.
Standardtilbud
Ein internatplass består av:
- standard hybel der eleven deler forgang og wc med ein medelev
- dusj og kjøkken (12 dublettar deler dusj og kjøkken)
- tilgang til fellesareal som aktivitetsrom, trimrom og garderobar
- matservering: frukost, lunsj, middag og kveldsmat (lunsj må du smøre deg kvar dag, fredag vert det kun servert varm lunsj (ikkje middag). Drikke til alle måltida (kaffe, te, juice, melk)
- tilsyn: miljøarbeidar/vakt utanom vanleg skuletid
Pris for hybel med felles toalett, og gang kr. 6.900,- pr. mnd.
Som standard bemanning har vi miljøarbeidar og nattevakt. Dei er tilstades frå skuleslutt ettermiddag til skulestart morgonen etter, måndag til fredag. Du som elev må rette deg etter gjeldande reglar og sanksjonar, les internatreglane våre her.
Har du behov for ekstra helse- og omsorgstenester utanom skuletid?
Det er kommunen som har ansvar og mynde for å tilby helse- og omsorgstenester i samsvar med lovverket om dette. Treng du som elev meir oppfølging/tilsyn utanom skuletid (vår skuletid er kl. 07:45-14:35) enn ordinær bemanning, må dine føresette ta opp dette med den kommunen som har ansvar for å tilby slike tenester.
Dersom den kommunen som har dette ansvaret ønsker å involvere Gjermundnes vgs i planlegginga av eit slik tilbod, må kommunen ta kontakt med Gjermundnes vgs.