Avtal utflytting med internatleiar. Oppseiingstida er 1 månad rekna frå den 20. i månaden og det må vere skriftleg. Denne perioden må du betale for.
Om du flyttar ut før oppseiingstida er over, kan du fortsatt ete alle måltida i kantina til oppseiingstida er over.
Det er ikkje nødvendig å seie opp internatrommet til skuleslutt.
NB! Internatrommet må godkjennast av personalet før utflytting og tilbakebetaling av depositum.