Vi ønskjer spesielt alle avgangselevar i ungdomsskolane velkommen, gjerne i lag med føresette og søsken. Andre som ønskjer å bli kjent med vårt tilbod om vidaregåande opplæring er også velkommen.
Her møter du elevar, lærarar og rådgjevar som du kan stille spørsmål til.
Du vil også få omvisning på dei ulike avdelingane våre:
- Mekanisk verkstad
- Stall/ridehall
- Gartneri
- Fjøs
- Andre klasserom
- Internat
Vi avsluttar kvelden med kveldsmat og god prat i kantina, frå kl. 18:30.
Kom på besøk, bli kjent med oss og finn ut kva vi kan tilby deg.
Vi gler oss til å treffe deg!