Lokal venteliste er for deg som ikkje har søkt via Vigo eller som ønskjer å gjere eit omval. Dersom du ønskjer eit omval er det viktig at du ikkje seier frå deg skuleplassen du har fått, då kan du risikere å stå heilt utan tilbod.
Dersom det framleis er ledig skuleplass etter at 1. og 2. inntaket er gjort, kan det være aktuelt å ta inn søkjarar frå lokal venteliste. Du kan forvente å få svar på søknaden innan veke 33-34.