Vg2 Heste- og dyrefag

Vg2 Heste- og dyrefag er linja for deg som er interessert i dyr og som ønskjer grunnleggande opplæring i praktisk handtering, trening, stell og pleie av dyr.

På Gjermundnes har vi tradisjon og kultur på islandshest, og VG2 heste- og dyrefaget hos oss handlar difor primært om hest og hestehald. 

Det blir variert undervisning med handtering og trening av hest der vi har god kommunikasjon og hestevelferd i fokus. Stalldrift og grunnleggande hovstell, entreprenørskap og kundebehandling er blant anna ein del av dei praktiske faga. Denne linja er kjend for «temjeprosjektet» på Stall SP, der elevar får vere med å bygge grunnlaget for at ein unghest skal kunne bli ein trygg og god ridehest. Skulen har også ein skinnverkstad, og du får der høve til å kunne lære deg grunnleggande ferdigheiter knytt til arbeid med lær. I teorien lærer du om blant anna fóring, dyrehelse, økonomi, avl, historie og utvikling.  

I smådyravdelinga har vi fisk, fugl og edderkopp. Det betyr at alle som går VG2 heste– og dyrefaget vil få opplæring også om andre dyrearter i tillegg til hest, og det gjer grunnlag for å kunne velje læreløp innan hestefaget og dyrefaget. Vi tilbyr oppstalling av smådyr etter søking og godkjenning av stallansvarleg for smådyravdelinga.

I faget yrkesfagleg fordjuping kan du velje å søkje om utplassering i bedrift for smådyr eller hest. Då får du høve til å fordjupe deg i det som interesserer deg mest og du blir tryggare i val du gjer vidare med tanke på utdanning og jobb.

Etter Vg2 kan du gå vidare på Vg3 påbygging med generell studiekompetanse, eller du kan gå ut i lære i heste- eller dyrefaget. Etter to år i lærebedrift kan du få fagbrev. På Gjermundnes kan du på VG1 og VG2 velje å ta meir realfag slik at du får spesiell studiekompetanse og då kunne til dømes søkje på veterinærhøgskolen.

Du kan til dømes bli: hestefagarbeider, dyrefagarbeider og veterinær (dersom du vel realfag og får spesiell studiekompetanse) 

Les meir på Vilbli.no