Dette er ei komprimert utdanning som inneheld landbruksfaga frå vidaregåande skule. Studiet er bygd på 2-dagars samlingar, nettbasert undervisning med oppgåveløysing, og sjølvstudium.
Opplæringa er fordelt over to år og har eit fagleg innhald i tråd med læreplanane på Vg2 Landbruk og gartnarnæring og Vg3 Landbruk. Undervisninga blir gjennomført som ein kombinasjon av fysiske samlingar og nettbasert undervisning. Om lag ein tredjedel av undervisninga er praktiske øvingar.
Fullført opplæring gir yrkestittelen agronom. Beviset på formell agronomkompetanse er vitnemål frå fullført og bestått 3-årig landbruksutdanning i vidaregåande skule.
Du får vitnemål eller kompetansebevis etter gjennomført kurs.
Faginnhald
Undervisninga er lagt opp etter læreplanane for programfag for Vg2 Landbruk og gartnarnæring og Vg3 Landbruk, sjå fag med link til Utdanningsdirektoratet sine kompetansemål for faga:
Undervisning fag første skuleår
Undervisning fag andre skuleår
Inntakskrav
Nedre aldersgrense for opptak er 25 år.
For å få vitnemål etter vaksenopplæringsmodellen, må du i tillegg til å fullføre og bestå alle faga i vaksenagronomkurset oppfylle følgjande krav:
- ha kompetanse i fellesfag tilsvarande 3-årig vidaregåande skule. Dei som ikkje fyller dette kravet men likevel ønskjer vitnemål ved fullført utdanning, må gjennom realkompetansevurdering ved inntak. 5 års yrkeserfaring kan gi fritak frå kravet om fellesfag og Vg1 Naturbruk.
- undervisningsfaget Yrkesfagleg fordjuping (YFF) på Vg2 er ikkje teke med i vaksenopplæringskurset vårt, men kan erstattast med 526 timar dokumentert landbrukspraksis eller fag frå studieførebuande utdanning.
Dersom du ikkje fyller desse krava vil du få kompetansebevis med dei faga og eksamenar som er fullført på vaksenagronomkurset.
Økonomi
Undervisning og alt læremateriell for studiet dekkjer skulen. Reise og evt. opphald må dekkjast privat. Det samme gjeld PC og anna IKT-utstyr.
Undervisning
Undervisninga blir gjennomført som ein kombinasjon av fysiske samlingar og nettbasert undervisning. Om lag ein tredjedel av undervisninga er praktiske øvingar.
Vurdering, karakterar og eksamen
Alle som deltek på kurset blir vurdert med termin- og standpunktkarakterar på bakgrunn av pøver og innleveringsoppgåver. Kvart årstrinn, Vg2 og Vg3 blir avslutta med eksamenar. Eksamen blir gjennomført etter fastsette læreplaner.
For å kunne avlegge eksamen må det være grunnlag for å sette standpunktkarakterar. Oppgåver, prestasjonar i undervisninga og prøver dannar grunnlaget for standpunktkarakterar og må leverast til rett tid. Karakterskalaen går frå 1 til 6, der 6 er beste karakter. For å bestå kurset må standpunkt- og eksamenskarakterane være 2 eller bedre. Unntak her er fag som blir trekt ut til eksamen. Kurset er bestått dersom eksamenskarakteren i faget er 2 eller bedre, sjølv om det er gitt karakteren 1 i standpunkt. Eksamen blir gjennomført etter fastsette læreplaner.
Blir du sjuk på eksamensdagen må du levere legeattest til skulen. Du har då rett til å avlegge ny eksamen på eit seinare tidspunkt. Manglande oppmøte til eksamen utan grunn fører til at du taper eksamensretten og må då sjølv melde deg opp til privatisteksamen.
Undervisningsmateriell
Bøker blir utlånt frå skulen og skal returnerast etter endt kurs. Bøkene må leverast tilbake uskadd og utan notatar, understreking etc. Dersom bøkene ikkje blir tilbakelevert, blir dei fakturert låntakaren til ny innkjøpspris.
Læringsplattform
Alle må ha tilgang til eigen PC tilknytta internett.
Teams brukast som læringsplattform og her blir det lagt ut arbeidsoppgåver og anna informasjon.
Overnatting
Skulen har 6 rom med god standard tilgjengeleg. I tilknyting til desse romma er det eit fellesrom med enkle kjøkkenfasilitetar dersom du ønskjer å lage deg mat sjølv.
Du kan også benytte deg av kantina vår, les meir om opningstider og få anna informasjon om kantina her
Søking
Søknadsfrist var 30. april 2025
Vi tek sikte på oppstart med nytt vaksenagronomkurs hausten 2027.