Intervju med tidlegare elev Ellen Marie Sætre
Ellen Marie er 41 år og er frå Daugstad i Vestnes kommune. Ho gjekk Grunnkurs naturbruk, VK1 Landbruk og VKII Naturforvaltning. Dette tilsvarar omtrent dagens Vg1 Naturbruk, Vg2 Landbruk og gartnarnæring samt Vg3 Naturbruk studieførebuande
I dag arbeider ho som leiar i Fiskehelse Møre og Romsdal hos Åkerblå AS.
Kvifor valgte du å søke deg til Gjermundnes vgs?
-Eg hadde bestemt meg for å bli veterinær, og valgte Gjermundnes for det var ei fin blanding av praksis og teori. Eg gjekk 2 år på naturbruk, for deretter å ta generell studiekompetanse siste året. Det var lagt godt til rette undervegs i studiet for å kunne ta enkelte teorifag frå gymnas i valfag, so etter 3 år på Gjermundnes mangla eg berre 2 kjemi og 3 kjemi, og desse tok eg som privatist gjennom praksisåret ein også måtte ha for å komme inn på veterinærhøgskolen.
Kva var fint med å være elev ved Gjermundnes vgs?
Det var godt samhald og klassemiljø. Særleg sidan folk kom saman frå heile fylket, og gjerne ikkje kjente nokon frå før, var det lett å få nye relasjonar. Eg synest også det var kjekt med varierte skuledagar, og ein fekk være mykje ute å gjere praktisk arbeid.
Kva er det viktigaste av kunnskap/ferdigheter du har tatt med deg frå di utdanning frå vidaregåande inn utdanning/arbeid/fritid?
-Eg fekk mykje praktisk kunnskap som eg har hatt nytte av både i vidare studier og fritid. Sidan eg valgte veterinær, so er det særleg kunnskap og stell av dyr eg hadde stor nytte av. Eg opplevde det som ein fordel å ha ein so variert bakgrunn når eg seinare tok til på veterinærstudier.
Kvar fekk du vite om Gjermundnes vgs sine studietilbod?
-Eg hadde ein bror som gjekk på Gjermundnes og kjente difor godt til skulen. I tillegg fekk vi informasjon om dei ulike tilboda på ungdomsskulen.
Kva slags utdanning har du valgt etter at du var elev på Gjermundnes vgs.?
-Eg er utdanna veterinær frå Norges Veterinær Høgskule
Kva slags yrke har du no?
-Eg er leiar for fiskehelse Møre og Romsdal i Åkerblå AS og har jobba innen privat fiskehelsetjeneste siden eg var ferdig utdanna veterinær i 2006.
Kva er ditt beste minne fra tida som elev ved Gjermundnes vgs?
-Eg har mange gode minner frå tida på Gjermundnes. Her møtes folk frå heile fylket, og det var eit veldig godt klassemiljø. Det beste minnet er nok imidlertid rideturen vi hadde i begynnelsen av første skuleår. Her vart praksisgruppa godt kjent, og la grunnlaget for kjekke år i lag!