Gjeldande frå 01.08 2024
Behandla i skuleutvalet 19.06.2024
§1 Formål
Alle som bur på internatet har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som er rusfritt, fritt for mobbing, vald og anna krenkande åtferd. Formålet med Internatreglementet er å skape samarbeid, trivsel, respekt og medansvar for alle i skulesamfunnet.
§2 Verkeområde
Internatet er eit butilbod for elevar ved Gjermundnes vgs. Reglementet gjeld for alle som bur og ferdast på internatet. Reglementet gjeld på heile skuleområdet. Eleven må sette seg inn i internatreglar og retningslinjer som gjeld for internatet. Internatreglane ligg på nettsida til Gjermundnes vgs.
§3 Opningstid på internatet
Internatet er ope etter skuleruta. Internatet stengjer fredag kl. 16.00 og opnar søndag kl. 16.00. Elevane kan bruke eigen nøkkel for å låse seg inn. Nattevakt er til stades søndag og på heilagdagar frå klokka 19.00. Internatet er låst av i alle feriar. Elevane må ta med seg det dei treng før dei tar ferie.
Internatet skal ikkje vere fast bustadadresse. Eleven skal ha anna fast adresse.
Opphald på internatet utanom opningstida, utan at dette er avtala med skulen, er ein tryggleiksrisiko og eit brot på internatreglementet. Elevar med lang heimreise kan søkje om opphald på helg. Fjøs-, stall- og gartnerivakter kan etter søknad få bu på internatet på helg. Opphald på grunn av betalt arbeid blir fakturert.
§4 Framferd
Alle som har hybel på internatet og ferdast på skulen og skuleområdet skal vere høflege og reale. Mobbing og/eller truslar, personleg eller via internett/mobil, er alvorlege brot på reglementet, og kan føre til utvising. Anna uhøvisk framferd mot elevar og tilsette kan straffast på same måten. Det same gjeld hærverk og tjuveri. I slike tilfelle kan det bli framsett krav om erstatning. Leigetakarane skal følgje pålegg frå tilsette.
§5 Bruk av sosiale medium
Vanlege regler for mellommenneskelege forhold gjelder også for kommunikasjon på nett og sosiale medium. Det betyr mellom annet at det skal brukas eit allment akseptert språk i kommunikasjon med andre menneske.
Det er forbode å søke etter, laste ned, lagre, skrive ut eller spreie materiale som:
- inneheld pornografi, nazistisk og/eller rasistisk propaganda.
- inneheld hat, oppfordring til bruk av narkotika, vald eller andre lovbrot
har som formål å skade/krenke/mobbe andre personar.
Slike brot vil bli meldt vidare til politiet.
§6 Rusmiddel
Det er ikkje tillatt å bruke eller oppbevare rusmiddel på internatet eller på skuleområdet elles. Det er heller ikkje lov å opphalde seg rusa på internatet eller skuleområdet. Eleven er ansvarleg for at alkohol eller andre rusmiddel ikkje finst på eigen hybel/eiga bod eller i eige oppbevaringsskåp. Å vere til stades i rom der det blir brukt alkohol eller andre rusmiddel vert oppfatta som at ein er delaktig og vil bli behandla som brot på reglementet.
Dersom vi finn emballasje etter alkoholhaldig vare eller brukarutstyr på internatet vil vi gå ut frå at eit regelbrot er utført. Alkohol blir beslaglagt. Ved mistanke om bruk eller oppbevaring av narkotika vil politiet bli kontakta. Viss du brukar illegale rusmiddel på internatet eller på skuleområdet, vil du bli utvist frå internatet og meldt til politiet.
§7 Brann
Alle som bur på internatet pliktar å opptre ansvarleg for å unngå brannfare. Av omsyn til sikkerheita må elevar som blir ute etter klokka 23.00, eller overnattar andre stader, gje beskjed til nattevakta. Om eleven er under 18 år må denne meldinga bli gitt av føresett. Det er strengt forbode å tukle med brannverninstallasjonar. Dette gjeld varslarar, sløkkjeutstyr, skilting og rømmingsvegar. Ansvarleg for falsk alarm som fører til utrykking, må rekne med å betale kostnadane brannvesenet har med dette.
Elevane pliktar å gjere seg kjent med branninstruks og rømmingsplan for bygget.
- Gangane på internatet og rømmingsvegar skal vere frie for utstyr/møblar/tørkestativ med meir.
- Branndører skal berre brukast som rømmingsveg.
- Bruk av open eld i skulen sine bygningar er ikkje lov. Det gjeld også stearinlys.
- Det er ikkje høve til å ha eigne kvitevarer som t.d. minikjøleskåp.
- Det er ikkje tillatt å ha møblar framom panelomn.
- Det er ikkje tillatt å ha elektrisk kjøkkenutstyr som t.d. mikrobølgeomn, kaffemaskin eller vannkokar på rommet.
- Eleven har ansvar for å ta ut rettetang, mobilladar, ladar til datamaskin og anna elektrisk utstyr før heimreise.
- Ved brannalarm skal gjeldande instruks følgast.
Å utløyse falsk alarm med vilje, eller anna misbruk av brannvernutstyr på skulen, er eit alvorleg regelbrot. Slik åtferd vil kunne føre til direkte raudt kort og utvising frå internatet.
§8 Besøk på internatet
Den enkelte leigetakar er ansvarleg for besøk hen tek med seg på internatet. Besøk skal vere avklart med vakthavande på internatet. Besøkjande skal vere ute av internatet kl. 22.30. Besøkjande skal vere kjent med og følgje internatreglementet. Overnattingsbesøk skal avklarast med internatleiar, og gjeld i utgangspunktet berre for familiemedlemar.
Hybelbuarar som tek med seg/slepp inn besøkande på internatet utan at det er gjeve løyve om det frå vakthavande på internatet eller rektor, vert haldne til ansvar. Dette vert vurdert som eit alvorleg brot på internatreglementet.
§9 Våpen/farlege gjenstandar
Det er forbode å oppbevare eksplosivar, våpen eller andre farlege gjenstandar/reiskap på internatet.
§10 Eigedelar
Skulen har ikkje ansvar for leigetakarar sine eigedelar. Kvar leigetakar er sjølv ansvarleg for å halde dører og skåp låst. Ytterdører skal alltid vere låst for å hindre at uvedkomande har tilgang til internata.
§11 Røyking/snus
Det er røyke- og snusforbod på Gjermundnes vgs. Dette er i samsvar med skulereglementet som gjeld for alle vidaregåande skular i Møre og Romsdal.
§12 Ro og innetid
Det skal til ei kvar tid vere arbeidsro på internatet. Frå kl. 23.00 skal det vere stille og alle skal vere på romma sine. Ved særskilte behov, kan ein ta kontakt med nattevakta.
§13 Sjukdom
Elevar som er for sjuke til å møte til time, skal reise heim. Dette gjeld alle former for sjukdom. Sjukdom skal meldast til vakttelefon og kontaktlærar. Dersom eleven treng legehjelp på ettermiddag/kveld kan miljøarbeidar vere behjelpeleg med timebestilling, men eleven har sjølv ansvar for å skaffe skyss til og frå. Ein må melde frå dersom ein treng øyeblikkeleg hjelp.
§14 Oppmøte på skulen
Eleven har sjølv ansvar for å stå opp og møte på skulen til rett tid. Viss eleven uteblir frå undervisning gjentatte gonger utan gyldig grunn, kan eleven miste internatplassen.
§15 Kjæledyr/smådyr
Det er ikkje lov å ha kjæledyr, gullfisk eller andre smådyr på internatet.
§16 Orden og reinhald
Leigebuarane skal til ei kvar tid halde orden på eige rom, fellesrom og på uteområdet rundt internatet. Fellesrom kan verte stengt utan nærmare varsel. Det er den enkelte leigetakar sitt ansvar å komme til måltida til rett tid. Det vil bli utført romsjekk med jamne mellomrom. Eleven skal vere til stades under romsjekken og vil bli varsla i god tid.
§17 Motorkøyretøy
Det er forbode å køyre på skuleområdet med motorkøyretøy utan gyldig grunn. Parkering skjer på eige ansvar på tilvist plass.
§18 Leige - kost og losji
Det må betalast depositum, lik ei månadsleige ved innflytting. Leiga skal betalast forskotsvis innan den 20. i kvar månad. Oppseiinga må gjerast skriftleg før den 20. i månaden. Det er ein månad oppseiingstid rekna frå den 20.
Ikkje betalt leige er brot på kontrakt og fører automatisk til oppseiing av internatplassen.
Ved utflytting skal hybel forlatast i same stand som ved innflytting. Før utflytting skal rommet vere godkjent av internatpersonalet. Du blir kontakta dersom klede, møblar eller andre personlege eigedelar ligg att etter utflytting. Det blir kasta etter ein månad viss det ikkje blir henta.
§19 Brot på internatreglementet
Brot på internatreglementet kan føre til bortvising frå internatet. Rektor gjev åtvaring og gjer vedtak om utvisning frå hybelen på internatet. Utvisninga er gjeldande frå tidspunktet vedtaket vert gjort, men med høveleg tid til å omrømme seg for å finne alternativ husvære.
Konsekvensar for alvorlege brot på internatreglementet:
1. Gangs brot: Skriftleg åtvaring - "gult kort".
2. Gangs brot: Utvisning frå hybelen på internatet for resten av skuleåret - "raudt kort".
Brot på §§ 3, 4, 5, 6, 7, 8 og 9 kan føre til direkte utvisning frå internatet.
Brot på § 11 og § 16. Det blir gitt merknad ved brot på reglementet. 5 merknadar gir gult kort.
Brot på § 12. Det blir gitt merknad ved brot på reglementet. 5 merknadar gir gult kort. Ytterlegare to merknadar gir raudt kort.
Mindre alvorlege regelbrot kan ved gjentakande brot også føre til skriftleg åtvaring (gult kort), og etter det utvising (raudt kort). For slike regelbrot vert det ført ein merknadsprotokoll.
§20 Internatplass komande skuleår
Som hovudregel gjeld utvisning etter §19 for resten av skuleåret. Likevel kan brot på internatreglementet føre til at du ikkje får internatplass påfølgjande skuleår. Forhold som kan føre til dette er:
- Brot på internatreglementet på slutten av skuleåret som normalt vil føre til utvisning i samsvar med §19.
- Alvorlege og gjentatte brot på internatreglementet gjennom skuleåret.
- Om du ikkje rettar deg etter pålegg frå tilsette når du oppheld deg på skulen, internatet eller skuleområdet elles som besøkande.
26.06.2024
Tone Syltebø
Rektor