Undervisningsbruket på skulen vår
Skulegarden ved Gjermundnes vgs har opp igjennom åra gått igjennom ulike fasar i utvikling og drift. Og skulen, som eigentleg er mykje eldre enn frå 1899, hadde eit omflakkande tilvære før den endeleg fekk rotfeste på Gjermundnes.
Ny, og moderne lausdriftsfjøs vart teken i bruk i april-24 og no kan vi tilby elevane eit moderne undervisningsbruk.
- Mjølkeproduksjon med mjølkerobot
- 25 mjølkekyr (har plass til 31 kyr)
- 16 purker i fødebingar, produserer ca. 1000 smågris pr. år
- 31 vinterfôra søyer
- 25 stallboksar
- ridehall med serviceanlegg
- 900 m2 drivhus der vi produserer blomster, tomat og agurk
- frilandsgrønnsaker, potet
- 1000 daa produktiv skog
- 400 daa fulldyrka jord
- fleire traktorar og ulike reiskap
- verkstad
- båtar og naust