Vg2 Heste- og dyrefag

Vg2 Heste- og dyrefag er linja for deg som er interessert i dyr og som ønskjer grunnleggande opplæring i praktisk handtering, trening, stell og pleie av dyr.

På Gjermundnes har vi tradisjon og kultur på islandshest, og VG2 heste- og dyrefaget hos oss handlar difor primært om hest og hestehald. 

Det blir variert undervisning med handtering og trening av hest der vi har god kommunikasjon og hestevelferd i fokus. Stalldrift og grunnleggande hovstell, entreprenørskap og kundebehandling er blant anna ein del av dei praktiske faga. Denne linja er kjend for «temjeprosjektet» på Stall SP, der elevar får vere med å bygge grunnlaget for at ein unghest skal kunne bli ein trygg og god ridehest. Skulen har også ein skinnverkstad, og du får der høve til å kunne lære deg grunnleggande ferdigheiter knytt til arbeid med lær. I teorien lærer du om blant anna fóring, dyrehelse, økonomi, avl, historie og utvikling.  

Frå hausten 2024 har vi som mål å starte opp ei lita avdeling på smådyr som blant anna skal romme fisk, fugl og reptilar. Det betyr at alle som går VG2 heste– og dyrefaget vil få opplæring også om andre dyrearter i tillegg til hest, og det gjer grunnlag for å kunne velje læreløp innan hestefaget og dyrefaget.

I faget yrkesfagleg fordjuping kan du velje å søkje om utplassering i bedrift for smådyr eller hest. Då får du høve til å fordjupe deg i det som interesserer deg mest og du blir tryggare i val du gjer vidare med tanke på utdanning og jobb.

Etter Vg2 kan du gå vidare på Vg3 påbygging med generell studiekompetanse, eller du kan gå ut i lære i heste- eller dyrefaget. Etter to år i lærebedrift kan du få fagbrev. På Gjermundnes kan du på VG1 og VG2 velje å ta meir realfag slik at du får spesiell studiekompetanse og då kunne til dømes søkje på veterinærhøgskolen.

Du kan til dømes bli: hestefagarbeider, dyrefagarbeider og veterinær (dersom du vel realfag og får spesiell studiekompetanse) 

Les meir på Vilbli.no