Elevar som tek til på Vg1 Naturbruk ved Gjermundnes, vil gjennom dei tre åra ved skulen få tilbod om å velje følgjande fordjuping i realfag:
Vg 1 Naturbruk
Vg2 landbruk/hest/anleggsgartner
Vg3 Naturbruk studieførebuande
Når det gjeld Kjemi 2 vert det teke forbehald om at det er nok elevar som vel dette til å starte opp undervisning i faget.
Programområde Naturbruk med påbyggingskurset Vg3 Naturbruk studieførebuande gjev utvida fordjuping i realfag samanlikna med alle andre yrkesfaglege programområde. Dette gjer at ein samstundes som ein får opplæring i landbruk, hestefag eller anleggsgartnerfag, skaffar seg ein studiekompetanse som gjev opptak til eit vidt spekter med høgskule- og universitetsstudium.