I dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal blir undersøkinga gjennomført på alle trinn. Svara vert brukt av skulen for å følgje opp skulemiljøet. Det er frivillig å svare på Elevundersøkinga og det er mogleg å hoppe over spørsmål.
Elevane oppgir ikkje namn, og det er ikkje knytt personnummer til svara. Det er derfor vanskeleg å finne ut kven som har svart kva i undersøkinga. I nokre få tilfelle (for eksempel ved små skular), kan det likevel vere ein risiko for at nokon kan kjenne att kven som har svart kva.
Det er derfor svært strenge reglar for visning av resultat frå undersøkinga til skulen, skuleeigar og dei statlege utdanningsstyresmaktene. Resultata frå undersøkinga skal ikkje publiserast på ein måte som gjer det mogleg å kjenne att svara til elevane.
Utdanningsdirektoratet har ansvaret for at svara i undersøkinga blir lagra og brukt på rett måte. Svara frå Elevundersøkinga blir lagra så lenge det er nødvendig, og kan bli brukt til forsking og statistikk og kan lagrast i arkiv. Statistikk frå undersøkinga er tilgjengeleg på udir.no.
Meir informasjon om undersøkinga finn de i snarvegane under.
Utdanningsdirektoratet har laga ei demovisning der ein kan klikke seg inn og sjå oppsettet og utforminga av undersøkinga.
Her finn du også informasjonsskrivet frå Udir til føresette