Foreldremøte om rus

20. april inviterte Gjermundnes vgs til eit foreldremøte med fokus på rus og rusførebygging i samarbeid med ungdomsskulane i Vestnes. 

Her finn du referatet frå møtet.

Medverkande i møtet var:  
-Politiet v/Sindre Mitte 
-Ungdomsklubben SMUD v/Julie Rypdal Eide 
-Samtaletilbodet 13+ v/John Sylte 
-Vinmonopolet v/Åse Rypdal 
-Miljøarbeidar og sosialrådgjevar frå ungdomsskule 
-Ruskontakter og MOT-cochar frå Gjermundnes vgs  
-Rektorane ved skulane  
 
Politet presenterte utfordringane knytt til ungdomskriminalitet og rus i Vestnes. Ungdomskriminaliteten er aukande. Når det gjeld andre rusmiddel enn alkohol, er det særleg hasj og kokain som er i omløp. Ungdomsskulane opplever at debutalderen for alkohol har blitt lavare og dei opplever eit aukande problem knytt til vaping. Åse Rypdal frå Vinmonopolet snakka i møtet om utfordringar knytt til langing av alkohol. 
 
I møtet var det elles presentert tal frå siste Ungdata-undersøking og nokre tips til foreldre. I tillegg jobba foreldra i grupper med to ulike case.  

 
Meir informasjon finn de ved å klikke på lenkene.  
Lenke til presentasjon av tal frå Ungdata  (powerpoint) (PDF, 2 MB)
Lenke til heftet “Gode råd om barn, foreldre og alkohol” 
Lenke til Møre og Romsdal fylkeskommune sin rusplan 
Lenke til casane  (powerpoint) (PDF, 684 kB)

 

Viss du har spørsmål eller bekymringar knytt til rus, ta kontakt med ein av ruskontaktane ved Gjermundnes vgs: 

  • Hanne Vaksvik Hustad
  • Monika Aas