Gjermundnes vidaregåande skule er sertifisert som dysleksivenleg skule
Det betyr at vi skal jobbe for å vere ein god skule for alle, også for dei med dysleksi, språkvanskar og lærevanskar.

Dette er tiltak som vi jobbar med fortløpande:
- Elevar med meldte vanskar får ein prat med ressursperson på skulen. Då blir det kartlagt kva for tilretteleggingsbehov eleven har. Eleven får opplæring i hjelpemiddel og hjelp til å kome i gang med lese- og skriveprogram.
- Elevar med dokumenterte vanskar har rett til utvida tid på prøver, opplest tekst og tilgang på digitale hjelpemiddel.
- Alle elevar har rett til tilpassa opplæring, og får tilbod om munnleg vurdering når det passar vurderingssituasjonen.
- Skulen jobbar kontinuerleg med gode rutinar og kompetanseheving av personalet. For å nemne noko så har vi eit tett og godt samarbeid med PPT, vi har fokus på god klasseleiing, variasjon i undervisninga og tilbok om lydbok og digitale lærebøker.
- Foreldremøte på starten av skuleåret om lese- og skrivevanskar, matematikkvanskar og språkvanskar.
Nyttige nettstadar:
Dysleksinorge.no (interesseorganisasjon for alle med lese- og skrivevansker, matematikkvanskar og språkvanskar)