Hospitering for 10. klassingar i veke 46-47

Lurer du på kva du skal gjere neste skuleår? Kom og besøk oss, så vil vi vise deg fagtilbuda våre og livet ellers på Gjermundnes vidaregåande skule.

Du vil få ein smakebit av fagtilbodet og blir kjent med Gjermundnes vgs gjennom elevar og tilsette du møter i løpet av skuledagen.

På hospiteringsdagen er programmet lagt opp slik at du blir ekstra godt kjent med dei tilboda du er meste interessert i.

Påmelding skjer via Youportalen.

Og du - sjå gjerne filmen vår om korleis det er å studere ved Gjermundnes vgs!

 

Program hospitering veke 46 og 47