Spekter Digital er ei undersøking utvikla av Læringsmiljøsenteret i Stavanger som eit pedagogisk verktøy til bruk i skulen for å jobbe med helse, miljø og tryggleiken til elevane. Det er ifølge Opplæringslova kapittel 12 ein del av skulen sitt mandat og plikt å innhente viktig informasjon om elevane sitt læringsmiljø.
Spekter er eit ikkje-anonymt verktøy, men det er berre kontaktlærarar og medlemmane i skulen sitt innsatsteam mot mobbing som får tilgang til resultata frå undersøkinga. Elevar som melder om at skulemiljøet ikkje opplevast som trygt og godt, får oppfølging i etterkant. Alle elevdata blir sletta ved slutten av skuleåret.
Du kan lese meir om Spekter Digital her