Potetfestival!

Gjermundnes og Rauma Vidaregåande skular har prosjekt der avdelingane ved dei to skulane har blitt utfordra til å sjå på moglegheiter for fagleg samarbeid. 

Elevar frå Vg1 Naturbruk og Vg2 Restaurant- og matfag  gjekk då saman om  ein Potetfestival. Denne festivalen er berre starten på noko som kan gi oss mange moglegheiter etter kvart!

Potetfestivalen starta våren 2025 med at Vg1 Restaurant- og matfag frå Rauma Vgs kom til Gjermundnes, der dei fekk vere med våre elevar som går Vg1 Naturbruk å sette potet og plante ut grønnsaker. Hausten 2025 kom Vg2-elevane frå Rauma vgs tilbake til Gjermundnes og blei med på innhausting av poteten, saman med våre elevar. Eit par veker seinare tok våre Vg2-elevar frå Landbruk og gartnarnæring turen til  Rauma Vgs. for å vere med på ein prasisdag på skulekjøkkenet. Der fekk dei vere med og lage mange ulike rettar basert på poteten frå Gjermundnes. 

Dette er eit samarbeid som har som mål å auke bevisstheita om kvalitetsarbeid i produksjonen. Elevane frå Restaurant- og matfag får sjå kva som ligg bak det å produsere råvarer av høg kvalitet samt at elevane frå Landbruk- og gartnarnæring får sjå og lære meir om sluttproduktet av råvarene som blir produsert på Gjermundnes. Dette vil kunne auke forståinga for kvifor det er viktig å produsere råvarer av høg kvalitet.

Vi har som mål å utvikle konseptet vidare til å ta inn andre råvarer som vi produserer her på skulen.