Ved til sals!

Som eit ledd i undervisninga produserer elevar og tilsette ved skulen ulike produkt for sal. Dette er ein viktig del av den praktiske opplæringa, der elevane får nytte kunnskapen sin i reelle arbeidssituasjonar. Gjennom planlegging, produksjon og sal får elevane erfaring med både faglege ferdigheiter, samarbeid og kundekontakt

Vedstabel - Klikk for stort bileteSikre deg ved til vinteren alt no!

 

Ved å kjøpe ved frå Gjermundnes vgs. støttar du samtidig læringsarbeidet ved skulen og bidreg til at elevane får verdifull praksis som førebur dei på arbeidslivet.

Veden er ikkje tørr og den må hentast på Gjermundnes.

Betaling ved henting til vippsnr. 514467 (Ekspedisjon Gjermundnes vgs).

Vi tek kontakt med deg for å avtale dato og klokkeslett for henting.