Vi er med i CIRCULANDIA - eit europeiske innovasjonsprosjekt for sirkulære matsystem!
Gjermundnes vidaregåande skole deltek i det europeiske innovasjonsprosjektet CIRCULANDIA. Gjennom prosjektet vil både elevar og lærarar få ny kompetanse om korleis vi kan skape ein meir robust matproduksjon.
Gjennom prosjektet deltek vi i praktiske feltforsøk og testar ut nytt og spennande undervisningsmateriell.
Kva betyr dette for elevane?
- Arbeid med aktuelle tema og ekte utfordringar.
- Deltaking i eit forskingsprosjekt som er med på å forme framtidas landbruk.
- Erfaring med internasjonalt samarbeid.
Kvifor er dette viktig?
CIRCULANDIA gir skulen høve til å vere med i fronten av utviklinga, og bidra til nye løysingar innan berekraft og utdanning i Europa.
Du kan lese meir om innovasjonsprosjektet CIRCULANDIA via heimesidene til Møre og Romsdal fylkeskommune og Norsøk .