Informasjon og rettleiing om læremiddel og verktøy

Som elev skal du bruke digitale verktøy og tenester til å lære fag. Du vil få gratis tilgang til alt du treng av programvare på skolen (blant anna Office 365). Her finn du mellom anna informasjon om bruk av nettet, lagring, digitale tenester og læremiddel, pålogging og lagring. I tillegg har skolane eigne rutinar du må vite om. Du kan lese meir om PC-ordninga her.

 

FEIDE

Møre og Romsdal fylkeskommune benyttar såkalla FEIDE-pålogging. FEIDE-brukaren din er nøkkelen til alle digitale plattformar i fylkeskommunen. 

Aktivering av FEIDE-brukar

Aktivering av FEIDE-brukar gjer du på brukarid.mrfylke.no enten via mobiltelefon eller PC som er tilkobla det trådlause nettverket vårt. Du må ha personnummeret ditt og eit unikt elevnummer du får med kontaktlæraren din. 

Gløymt passord

Har du gløymt passordet på FEIDE-brukaren din, kan du gå inn på brukerid.mrfylke.no.

Utskrift skjer gjennom utskriftsportalen på utskrift.mrfylke.no. Logg inn med FEIDE-brukarnamn og passord. Du skal ved skulestart ha fått tilsendt ein SMS med PUK og PIN-kode for aktivering av brukaren din. Du vil få utdelt elevkort du kan registrere deg med. 

Informasjon om ElevPC ordningen finner du på skolestart siden og på Møre og Romsdal fylkeskommune sine sider.

Elevane har rett til læremiddel på ønska målform, nynorsk eller bokmål. Du kan lese meir om retten du har til målform her.

Presens er eit verktøy som rapporterar tilkoblingsstatus til PC-en din til læraren under prøver og heildagsprøver og skal benyttast under eksamen. Les meir om verktøyet her. 

 

Elevar og lærarar har tilgang på ei digitale ordbok. Det er skolen som har valgt kva for ei ordbok du skal bruke. Vi rår deg til å laste ned ordboka lokalt på maskina di slik at du har tilgang til den også under eksamen og prøver.

 

Vi har tre versjonar av Ordnett:

  • Programvaren Ordnett Pluss som lastast ned på maskina di. NB! For programvaren Ordnett Pluss må ein laste ned lenka du får på skolen, her fungerer ikkje FEIDE-id. 

Ordnett Pluss gir deg tilgang til ordbøker direkte frå PCen, enten du er kopla til Internett eller jobbar offline.

Ordnett Pluss har eit eige minimodus som let deg enkelt slå opp ord medan du arbeider i andre program. I denne artikkelen finn du informasjon om korleis du installerer pakken frå Kunnskapsforlaget som dei vidaregåande skolane har lisensar på.

Installeringspakkar

Windows

Avinstallere: For å få tilgang til ny versjon av Ordnett, må du avinstallere gamal versjon av Ordnett PLUSS. Dette gjelder kun for Windows.

Slik gjer du: Gå til c:\ordnettpluss 'Gå til kontrollpanel' og 'Legg til og fjerne programmer'. Velg programvaren 'Ordnett Pluss' og trykk 'Fjern'.

Lenke for installering:

Ordnett Pluss for Windows kan du laste ned frå den adressa du får på skolen (lenkene skal brukast for nye installasjonar. Dersom de allereie har installert treng de ikkje å gjere noko). (Denne programpakken inneholder alle ordbøkene og er ferdig registrert mot Kunnskapsforlaget)

Framgangsmåte:

Klikk på lenka du får tilgang til på skolen

Velg kjør Programvare og ordbøker blir installert og følg instruksjonane

Restart maskina

Ordnett PLUSS-ikonet ligg på skrivebordet og programvara er klar til bruk. Første gong dobbeltklikkar du på ikonet og kjem til ei nettside frå Kunnskapsforlaget. Her står det at du må bruke passord og brukarnamn. Dette kan du sjå bort frå.

Problem med installeringa?

Får du problem så følg denne oppskrifta:

1. Lukk programmet. Gå til Start-knappen velg "Nullstill programmets datafiler" i mappa Ordnett Pluss:

Start programmet på nytt.

Dersom dette ikkje fungerer:

2. Lukk programmet. Slett katalogen som heiter "ordnettpluss". Ligg som regel rett på harddisken (C:\ordnettpluss). Start programmet på nytt.

Dersom dette heller ikkje fungerer:

3. Avinstaller heile programmet. Slett katalogen "ordnettpluss" (sjå pkt 2). Installer den nye fylkespakken (sjå linken over).

Mac

Lenke for installering: Ordnett Pluss for Mac  kan du laste ned frå den lenka du får frå skolen.

Framgangsmåte:

1.Trykk på lenka for å laste ned installasjonspakken

2.Dobbeltklikk på pakken for å åpne pakken

3.Dobbeltklikk på pakke-ikonet

4.Følg installasjonsinstruksjonene som kjem og oppgi passordet for maskina når du blir bedt om dette

5.Etter installasjonen, ligger programmet i programmappa og som snarvei i Launchpad

Tips:

Får du spørsmål om brukarnamn og passord, så slett mappa ordnettPluss som ligg på heimeområdet ditt(I Finder, velg Gå Hjem). Da vil brukardata frå pakken bli kopiert inn på nytt.

ordnett.no

ordnett.no er ei språk- og ordbokteneste som gir deg tilgang til ei rekkje elektroniske ordbøker frå datamaskina di. Du går inn på tenesta frå ein vanleg nettlesar (f.eks. Internet Explorer, Firefox eller Safari) frå ein PC, Mac eller andre datamaskiner.

Ordnett.no er tilgjengeleg frå skulenettverket, men kan også brukast heimanfrå. Logg inn med den vanlege FEIDE-brukaren din.

Clarify kan du laste ned på mobil, nettbrett, PT og/eller Mac. Du installerer Clarify-appen direkte frå app-store eller via www.clarify.no/logg-inn. Velg koble til med FEIDE og logg inn med Feidebrukaren din.